Hausten byr på fersk lammekjøt, nydeleg vilt, mengder av sopp, fantastiske norske rotgrønnsaker, norsk frukt, og ikkje minst krabbe som kanskje er min største favoritt no på hausten.
Lam i dill.
Det er ein favoritt når det ferske lammekjøtet når butikken. Og det var ei gryte mor mi lagde fleire gonger om hausten. Tilbehøyret var sjølvsagt gode rotgrønnsaker.
- 1 kg grytekjøtt av lammebog, gjerne med bein
- Litt salt
- Vann
Skyll kjøtet i kaldt vatn, legg over i kjele og dekk med vatn. Tilsett litt salt og kok opp, skum godt. La trekke i ca 40- 45 minuttar. Sil av krafta, og legg kjøtet til sides.
Lys saus
- 50gr smør
- 1 løk finkutta
- Litt tørka dill
- 50gr hvetemel
- Kraft
- Fløte
- Salt- pepper. litt sukker
- Litt rømme
- Litt sitron
- Frisk dill
Finkutt løk, og surr blank i smøret saman med dill, tilsett mjøl. Spe med kraft til passande konsistens. Legg kjøtet over i sausen.
Tilsett fløte. Ha i litt sukker og sitronsaft. Smak til med salt og pepper.
Tilsett eventuelt litt rømme. Ha i frisk dill.
Hakka gulrot, sellerirot. persillerot og/eller purreløk kokes i gryta eller serverast ved siden av