Matgledekorpset i Rogaland
Matgledekorpset i Rogaland er ledet av Heidi Netland Berge som har bred erfaring innenfor matfaget. Med seg i korpset har hun både ernæringsfaglig, landbruksfaglig og helsefaglig kompetanse.
-
Heidi Netland Berge
Eg er utdanna kokk og har ein bachelor i hotel- og restaurantleiing. Etter fleire år med spennande jobbar i blant anna Gladmat, TINE, Pizzabakeren og kjøtbutikken Gabbas, har eg dei siste åra vore sjølvstendig næringsdrivande rådgjevar i matprosjekt og utvikling av tilleggsnæringar i landbruket. Eg har gitt ut kokeboka «Bruk alt» som handlar om å nytte ressursane best mogleg, og held kurs og føredrag om dette og andre tema. Eg brenn for dei gode måltida, og meiner det er ein viktig faktor for eit godt liv uansett fase me er i. Er prosjektleiar for Matgledekorpset.
-
Nicole Tandrevold Næsheim
Eg er utdanna klinisk ernæringsfysiolog og jobbar ved Stavanger Universitetssjukehus samt privat som konsulent og på en privat klinikk. Eg har alltid vore spesielt opptatt av førebyggingsarbeid og eldre er ei spesielt utsett gruppe med tanke på underernæring. Eg håper at vi gjennom prosjektet kan bidra med inspirasjon, praktiske kosthaldstips og matglede til heimebuande eldre!
-
Bjørg Odland
Eg er utdanna sjukepleiar. Tilsett hos Fylkesmannen sidan 2017. Eg jobbar mellom anna med Leve hele livet– reforma. Mat og måltid er eit av innsatsområda i denne reforma. God mat er grunnleggjande for god helse og livskvalitet. Eg ønskjer at matgledekorpset skal føre til mange gode måltidsopplevingar og at kunnskap om ernæring vert auka. Tidlegare har eg jobba både i kommunehelseteneste og i bedriftshelseteneste.
-
Eli Munkeby Serigstad
Eg er utdanna sivilagronom og har jobba hos Fylkesmannen i 26 år med landbruksretta oppgåver. Mine arbeidsoppgåver strekker seg frå næringsutvikling i tradisjonelt landbruk med spesielt fokus på lokalmat, til forsking og utvikling. Eg jobbar mykje med å legge til rette for utvikling gjennom inspirasjonssamlingar, kursing og andre formar for kompetanseheving.