1 lettsalta og lettrøykt svineknoke
1 lettsalta lammeknoke
1 lettsalta og lettrøykt lammeknoke
1 fersk svineknoke
100 g byggryn
100 g gule ertar
Poteter
Gulrøtar
Kålrot
Kålhovud
Purre
Sellerirot

Fremgangsmåte
Legg gryn og ertar i blòt i kvar sin kjele. Legg knokane i ein kjele og kok opp, skum godt, denne krafta skal vera klar. Kok gryn og ertar kvar for seg i reint vatn. Når dei er koka skal dei skylast i kaldt vatn so lenge at vatnet er skirt og reint. No kan du velje om du vil koke noko grønsaker heile og i store bitar og servere som god gamaldags kjøtsuppe, eller du kan ta opp kjøtet, avkjøle det, reins det og skjera det i småbitar og skjera alle grøn sakene i små bitar ogso, so legg du oppi so mykje gryn og ertar som du tykkjer er godt. Det er viktig at krafta er rein med nokre fine feittperler på toppen.

Server med nytt og godt brød til.